Dei hatske kjenslene i oss

Ein kan hate ein annan, ein sjølv – eller heile grupper. Hat kan vere ei mektig og overveldande kjensle, potensielt destruktiv og på same tida samansett av grunnleggjande adaptive komponentar.

 

dei-hatske-kjenselene-u-oss
Illustrasjon: Lars Henrik Kaasen Thoresen

 

Vi har alle evna til å hate. Du har sikkert minst ein gong hata nokon så sterkt at du fantaserte om å skade – kanskje til og med drepe? – denne personen som på ein eller annan måte hadde såra eller krenka deg. Kan hende dette mennesket til og med var nokon som stod deg nær og som du eigentleg var glad i? Av og til kan hatske kjensler bli retta innover mot ein sjølv, og tankar om sjølvmord kan oppstå. Éin av tre ungdomar har ifølgje befolkningsundersøkingar hatt sjølvmordstankar. Hat kan også eksistere mellom grupper, noko vi i våre dagar mellom anna ser i Israel-Palestina-konflikten. Heldigvis blir hatske kjensler vanlegvis ikkje omsett til handling. Men det kan skje, og det er liten tvil om at hat kan vere livsfarleg. Bak både drap, sjølvmord, terrorangrep og folkemord ligg hatet. Det er derfor viktig med kunnskap om denne emosjonelle tilstanden for å førebygge hatbasert vald og aggresjon mot enkeltindivid og grupper.

 

Kva er hat?

Hat blir i Nynorskordboka definert som «ei varande sterk uvilje eller fiendskap mot nokon». Oxford English Dictonary definerer hat som «an emotion of extreme dislike or aversion». Dette reiser fleire spørsmål. Er hat ein separat emosjon som klart kan skillast frå andre emosjonar som glede, frykt, sjalusi, sinne og så vidare? Eller kan hat sjåast på som ein kompleks emosjonell tilstand beståande av andre meir grunnleggande emosjonar? Kva er forholdet mellom hat som ein emosjonell tilstand og aggressiv åtferd?

 

Det er naturleg å gå til emosjonspsykologien for å finne svar på kva hat eigentleg er. Caroll Izard (1991, 2009) har utvikla det han kallar differensiell emosjonsteori, som er ein av dei mest sentrale teoriane i moderne emosjonspsykologi. Izard bygger på andre gigantar i emosjonspsykologien, som Charles Darwin og Silvan Tomkins. Som Darwin og Tomkins, hevdar Izard at emosjonssystemet hos menneska har eit evolusjonært grunnlag og hjelper oss å overleve og tilpasse oss omgjevnadene. Den viktigaste funksjonen til emosjonar er at dei motiverer til ulike former for adaptiv (i evolusjonær betydning) åtferd. Tenk berre på emosjonen frykt. Hadde denne emosjonen plutselig blitt «skrudd av» hadde du truleg ikkje overlevd særleg lenge. I tillegg til frykt identifiserer Izard glede, interesse, skuld, sinne, forakt, avsky, skam og tristheit som fundamentale emosjonar forma av evolusjonen og grunnleggande sett adaptive. La du merke til nokre emosjonar i denne lista som verkar å vere relatert til hat slik det blei definert ovanfor?

 

Izard (1991) brukar omgrepet fiendskapstriaden om sinne, forakt og avsky. Dette er emosjonar som kan motivere til ulike former for fiendtleg åtferd overfor andre individ eller grupper og verkar å vere viktige for å forstå kva hat grunnleggande sett er. La oss sjå litt nærare på desse tre fiendskapsemosjonane.

 

Sinne er ein emosjon som typisk blir vekt i situasjonar der vi blir forhindra frå å nå eit mål vi har satt oss, om det er noko så enkelt som å kome for seint til bussen eller at nokon snik i køen vi står i. Sinne blir gjerne opplevd som ei kjensle av at energi strøymer ut over mot armar og bein, og tankar kan oppstå om å gå til angrep verbalt eller fysisk på objektet for sinnet. Sinne er utan tvil ein viktig emosjon for at vi skal vere i stand til å forsvare våre personlege interesser på ulike nivå (Izard, 1991). Utan sinne ville vi raskt blitt overkøyrt og utnytta av andre som ikkje vil oss vel. Kva om ein venn svindla oss for pengar og det var heilt greitt? Samtidig kan uregulert sinne få oss til å gjere ting vi vil angre djupt seinare.

 

Avsky er ein emosjon som truleg stammar evolusjonsmessig frå eit tidleg utvikla system for å verne organismen mot giftige substansar. Men hos menneska har avsky blitt utvikla vidare til å bli ein respons på ulike former for stimuli som minner oss om vår dyriske natur (til dømes seksualitet, avføring, dårlig hygiene) og vidare til å bli ein sosiomoralsk emosjon der ulike handlingar som blir oppfatta som umoralske eller nedverdigande vekker avsky (Rozin, Lowery & Haidt, 1999). Avsky blir typisk opplevd som ei kvalmekjensle, og tankar om å kome seg unna og/eller fjerne det vi avskyrobjektet for avskyen oppstår (Izard, 1991). I kvardagen vår er det mange stimuli som kan vekke avsky, alt frå å sette tennene våre i eit rotent eple, via å besøke eit tilgrisa offentleg toalett, til å sjå ein nyheitsreportasje om seksuelt misbruk av born.

 

Forakt er ifølgje Izard (1991) den «kaldaste» av dei tre fiendskapemosjonane. Dette fordi denne emosjonen ikkje er kjenneteikna av ei sterk kroppsleg aktivering som i avsky og sinne, men meir av ei negativ kognitiv evaluering av andre og deira åtferd. I motsetning til avsky har ikkje denne emosjonen eit klart dyrisk opphav, men er viktig som ein sosialt regulerande emosjon (Rozin et al.,., 1999). Å bli møtt med forakt for noko ein har gjort kan indusere skam og motivere ein til å avstå frå slike handlingar i framtida.

 

Izard (1991) poengterer at ein og same situasjon gjerne kan vekke alle dei tre fiendskapsemosjonane. Å sjå ein nyheitsreportasje om seksuelt misbruk av barn vil for dei fleste vekke ein grad av avsky; vi kan bli fysisk kvalme av denne historia. Samtidig kan vi kjenne eit sinne gjennom at pulsen aukar, energi strøymer utover i kroppen og vi kan få tankar om at den ansvarlege for ugjerninga må straffast hardt på ein eller annan måte. I tillegg kjenner vi forakt for den moralsk forkastelege handlinga det er å misbruke eit barn. Det er lett å førestille seg at å jobbe i politiet med overgrepssaker mot barn må vere emosjonelt utfordrande.

 

Robert Sternberg (2003) har utvikla ein eksplisitt teori om hat og identifiserer nettopp sinne, forakt og avsky som dei grunnleggande komponentane i hat. Han vektlegg at ulike kombinasjonar av desse tre emosjonane produserer ulike former for hat. Rein forakt utan sinne og avsky kallar han «kaldt hat». Denne forma for hat er kjenneteikna av nedvurderande tankar om andre, til dømes at ei anna gruppe (ut-gruppe) er moralsk mindreverdig på grunn av måten dei oppfører seg på. Rein avsky kallar han «kjølig hat», i dette tilfellet er det ei oppfatning og kjensle av at den andre (eller ei heil gruppe) er motbydeleg på ein eller annan måte, og eit ønske om avstand oppstår for å unngå å bli «smitta» av dette motbydelege ved den/dei andre. Dersom berre eit sterkt sinne er til stades, oppstår eit «varmt hat» og individet blir motivert til aggresjon mot den eller dei som har vekt sinnet. Når alle tre komponentane er til stades samtidig oppstår ifølgje Sternberg eit «brennande hat». Her begynner det verkeleg å bli farleg. No blir eit individ eller ei ut-gruppe opplevd som moralsk mindreverdig og motbydeleg, og i tillegg fører opplevinga av sinne til eit umiddelbart behov for å gå til angrep.

 

Sternberg (2003) vektlegg også betydninga av historier som rammeverk for den emosjonelle kommunikasjonen i hat. Den emosjonelle bodskapen kan bli meir kraftfull dersom den blir integrert i fengande historier. Historier om hat byrjar typisk med ein bodskap om ein overhengande ytre trussel – til dømes at landet blir oversvømt av potensielle terroristar og valdtektsmenn forkledd som flyktningar. Historia kan halde fram med appell til sinne og moralsk indignasjon overfor den uretten som er i ferd med å finne stad, og til handling for å møte trusselen. Historia kan også ha ein slags slutt, der avsky blir mobilisert og ein ser for seg nødvendigheita av å eliminere trusselen for godt (jamfør nazistane si «endelege løysing på det jødiske problem» og den faktiske gjennomføringa av historias største folkemord). Sternberg poengterer at i hat-historier ser individet eller gruppa på seg sjølv – paradoksalt nok – som eit offer og objektet ein hatar som ein overgripar. I nazistane sine velkjende propagandahistorier blei jødane framstilt som parasittar som utnytta gode og rettskafne tyskarar.

 

Korleis handsame hatske kjensler

 

Ei svakheit ved Sternberg (2003) sin teori er at han ikkje diskuterer sinne, forakt og avsky som i utgangspunktet adaptive emosjonar. Ein kan derfor få inntrykk av at han meiner at alle former for sinne, forakt og avsky bør unngåast. Som vist ovanfor er det god grunn til å sjå på desse emosjonane som grunnleggande aspekt ved vår menneskelege natur som vi ikkje kan velje bort. Det er på den andre sida ingen tvil om at avsky, forakt og sinne kan ha svært maladaptive uttrykk hos nokre. Det kan vi mellom anna sjå i enkelte psykiske lidingar. Emosjonelt ustabil personlegdomsforstyrring er kjenneteikna av stadige, valdsame sinneutbrot. Eteforstyrringar er kjenneteikna av ein intens avsky overfor eigen kropp. Og i narsissistisk personlegdomsforstyrring er forakt ein sentral emosjon, som ein møter i det narsissistiske oppblåste sjølvbiletet og tilhøyrande devaluering av andre. Intens sjølvforakt kan også vere eit element i depresjon. Desse døma viser at vanskar med handsaming av – og uttrykk for – avsky, sinne og forakt kan føre til maladaptiv åtferd.

 

Den viktigaste funksjonen til emosjonar er at dei motiverer til ulike former for adaptiv åtferd.

 

Eit sentralt spørsmål er derfor korleis vi kan handsame desse potensielt farlege emosjonane på ein måte der vi får utnytta deira adaptive funksjon i dei riktige situasjonane. Forskargruppa eg er med i jobbar ut frå eit teoretisk perspektiv som kan kaste lys over denne problemstillinga. Vi har utvikla omgrepet affektbevisstheit, som handlar om evna ein har til å bevisst legge merke til, tolerere og uttrykke grunnleggande affektive opplevingar (Solbakken, Hansen & Monsen, 2011). Denne evna kan målast ved hjelp av affektbevisstheitsintervjuet og tilhøyrande skåringskriterium. Ved god affektbevisstheit er ein i stand til å legge merke til korleis aktiveringa av spesifikke emosjonar manifesterer seg kroppsleg og mentalt, ein kan la seg bevege av desse emosjonane utan å bli overvelda av dei, og ein kan handsame og uttrykke dei på adekvate måtar. La oss sjå på sinne – ein av dei tre «hat-emosjonane» – som eit døme. På den eine sida kan låg affektbevisstheit manifestere seg som ein tendens til å undertrykke denne emosjonen i situasjonar der det er sunt å la seg mobilisere av sinne. På den andre sida kan eit individ ha ein tendens til å bli overvelda av den emosjonelle aktiveringa, noko som kan føre til at ein ofte mister kontrollen over sinnet (jamfør uttrykket «blindt raseri»), som igjen kan føre til aggresjon og vald.

 

Ein «kur» mot destruktivt og maladaptivt sinne er frå dette teoretiske perspektivet å auke forståinga og innsikta av kva sinne er, korleis sinne verkar i eins eigen kropp og psyke, korleis sinne interagerer med andre emosjonar, korleis ein kan regulere intensiteten til sinnet ein opplever, og ikkje minst korleis ulike uttrykk for sinne påverkar relasjonane ein er i. Her kan ein sjå føre seg ulike intervensjonar både på individ- og samfunnsnivå for å auke affektbevisstheita for sinne så vel som for andre sentrale emosjonar.

 

Når hat blir spreidt av politiske leiarar

 

I ei rekke banebrytande studiar har den amerikanske psykologen David Matsumoto og kollegaene hans undersøkt betydninga av politiske leiarar sin emosjonelle kommunikasjon i forkant av valdelege historiske hendingar (Matsumoto, Hwang & Frank, 2015). Hovudhypotesen deira var at dei politiske leiarane ville uttrykke meir sinne, avsky og forakt overfor ei rivaliserande ut-gruppe i forkant av valdelege hendingar. Dei undersøkte talene eitt år, seks månader og tre månader før dei valdelege hendingane (til dømes Storbritannia si krigserklæring mot Tyskland i 1914, som var med på å starte den første verdskrigen, Mao si utkommandering av raudegardistane i kulturrevolusjonen i 1966, og USA sin invasjon av Irak i 2003) og samanlikna dei med talene til politiske leiarar som stod bak ikkje-valdelege hendingar (til dømes Saltmarsjen til Mahatma Gandhi i 1930, og dei pro-tibetanske demonstrasjonane på opningsdagen av Beijing-OL i 2008).

 

Matsumoto og kollegaene hans fekk bekrefta hypotesen sin. I analysen av det verbale innhaldet i talene til dei valdelege politiske leiarane (til dømes George W. Bush og Mao) var det ein signifikant auke i førekomsten av avsky, forakt og sinne frå seks månader til tre månader før dei valdelege hendingane (Matsumoto, Hwang & Frank, 2012). Det var ingen skilnad i førekomsten av glede, frykt, tristheit og overrasking i denne perioden. I talene til Gandhi og dei andre politiske leiarane før dei ikkje-valdelege hendingane var det heller ein reduksjon i førekomsten av forakt, avsky og sinne frå seks til tre månader før desse hendingane.

 

Emosjonell kommunikasjon er vel så mykje nonverbal og relatert til kroppsspråk, ansiktsuttrykk og stemmeleie. Matsumoto og kollegaene hans undersøkte også dette aspektet i dei same politiske talene der det fanst videopptak (Matsumoto, Hwang & Frank, 2014). Dei registrerte dei politiske leiarane sine nonverbale uttrykk for spesifikke emosjonar ved hjelp av eit anerkjent kodesystem. Dei fann at det var ein auke i førekomsten av nonverbale uttrykk for forakt og avsky i talene før dei valdelege hendingane, men ikkje hos dei politiske leiarane som stod bak dei ikkje-valdelege hendingane. Det var inga endring i førekomsten av sinne i dei to gruppene.

 

Desse studiane demonstrerer ein samanheng mellom politiske leiarar sin emosjonelle kommunikasjon og valdelege hendingar. Funna indikerer at politiske leiarar med ein aggressiv og hatsk politisk agenda kan få befolkninga dei styrer over til å adoptere dei fiendtlege emosjonane dei uttrykker og gjere det muleg for dei å gå til angrep på ei hata gruppe.

 

Dette er rett nok berre ei begynnande utforsking av korleis vi på gruppenivå kan bli påverka av emosjonell kommunikasjon frå politiske leiarar, massemedia og andre kanalar, og dei fatale konsekvensane dette kan ha når emosjonar som avsky og forakt mot ei «ut-gruppe» er involvert. Ein praktisk implikasjon, som Matsumoto og kollegaene hans sjølve føreslår (Matsumoto et al., 2015), er å utvikle overvakingssystem for den emosjonelle kommunikasjonen hos ulike samfunnsaktørar som kan melde frå når den overstiger farlege nivå av uttrykk for avsky, forakt og sinne.

 

Konklusjon

 

Det er fullt muleg å forstå hat som ekstreme (og som regel maladaptive) former for dei grunnleggande emosjonane sinne, forakt og avsky. Fordi desse emosjonane er ein del av vår menneskelege natur, er vi alle sårbare for å oppleve hat. Hat kan opplevast i individuelle relasjonar og motivere ulike former for psykisk og fysisk aggresjon og vald. Hat kan også delast og spreiast i ei befolkning og føre til fryktelege overgrep mot ei hata ut-gruppe. Den beste kuren mot at fiendtlege kjensler skal ta overhand i oss er truleg å auke bevisstheita og kunnskapen om dei, både på individ- og samfunnsnivå.

 

Nils Martin Sønderland er psykolog og dobbelkompetansestipendiat ved Psykologisk institutt, Universitetet i Oslo, og ved Oslo Universitetssykehus.

 

Referanser:

 

  • Izard, C. E. (1991). The psychology of emotions. New York, NY: Plenum Press.
  • Izard, C. E. (2009). Emotion theory and research: highlights, unanswered questions, and emerging issues. Annual Review of Psychology, 60, 1–25.
  • Matsumoto, D., Frank, M. G., & Hwang, H. C. (2015). The role of intergroup emotions in political violence. Current Directions in Psychological Science, 24(5), 369–373.
  • Matsumoto, D., Hwang, H. C., & Frank, M. G. (2012). Emotions expressed in speeches by leaders of ideologically motivated groups predict aggression. Behavioral Sciences of Terrorism and Political Aggression, 6(1), 1–18.
  • Matsumoto, D., Hwang, H. C., & Frank, M. G. (2014). Emotions expressed by leaders in videos predict political aggression. Behavioral Sciences of Terrorism and Political Aggression, 6(3), 212–218.
  • Rozin, P., Lowery, L., & Haidt, J. (1999). The CAD triad hypothesis: A mapping between three moral emotions (contempt, anger, disgust) and three moral codes (community, autonomy, divinity). Journal of Personality & Social Psychology, 76(4), 574–586.
  • Solbakken, O. A., Hansen, R. S., & Monsen, J. T. (2011). Affect integration and reflective function: Clarification of central conceptual issues. Psychotherapy Research, 21(4), 482–496.
  • Sternberg, R. J. (2003). A duplex theory of hate: Development and application to terrorism, massacres, and genocide. Review of General Psychology, 7(3), 299–328.

 

Legg igjen en kommentar